Ein engel frå episoda "Cigarette Burns" av Masters Of Horror TV-seria frå 2005 - regissert av John Carpenter

Cigarette Burns (2005): John Carpenter Masters of Horror

John Carpenter-maratonet er for alvor i gong! Eg klarte å spore opp episode 8 av Masters of Horror sesong 1 på Plex US, nemleg sitt store TV-høgdepunkt frå 2005: Cigarette Burns. Dette er Carpenters bidrag i den legendariske skrekkserien med store namn som Stuart Gordon, Joe Dante, John Landis, Tobe Hooper og mange fleire. Men akkurat no var det berre Carpenter eg var interessert i.

I hovudrolla har vi ein ung Norman Reedus som får i oppdrag av den velståande cinefilen Udo Kier til å spore opp ein mystisk 30 år gammal film: La Fin Absolue du Monde. Denne filmen er visstnok så kraftfull at han kan terrorisere sjåarane og drive dei til vanvidd. Mine tankar gjekk umiddelbart til In the Mouth of Madness, for denne har eit veldig liknande plot. I staden for ei bok, har vi her ein film.

Cinefil galskap og papirbunkar

Klart dette prosjektet har tydeleg TV-estetikk, men morosamt er det! Reedus finn ein filmkritikar som var på premieren før filmen forsvann og aldri blei vist igjen. Han går inn til kritikaren, og heile huset hans er fullt opp med bunkar av nedskrivne omtalar på papir. Det viser seg at kritikaren i 30 år har skrive meldingar av nøyaktig same film, nemleg La Fin Absolue du Monde. Eg måtte le!

På ein knapp time reiser helten vår mykje, mellom anna til Paris der regissør Hans Backovic laga anti-Hollywood-filmar og ekte kunst, før han kutta over sin eigen strupe. Jakta på filmen har absolutt sine baksider. Reedus ser syner av den avdøde kjærasten sin som tok sitt eige liv, like etter faren hennar gav han eit lån så han kunne kjøpe ein kino og vise film. Ein må berre digge det.

Norman Reedus jaktar på ein farlig film i John Carpenters bidrag til Masters of Horror TV-seria.
Ein ung Norman Reedus jaktar på verdas farligaste film!

GORE OG BLOD!

Blodfattig er episoda overhovudet ikkje! Greg Nicotero (då har vi to frå The Walking Dead samla) står bak nokre groteske scener med machete. Når Reedus kjem til eit filmsett utanfor Paris, møter han nokre cinefile filmskaparar som har sterke meiningar om korleis film bør vere. Dei kappar hovudet av taxisjåføren hans i rein fransk-ekstrem-stil, før dei set seg på fanget til Reedus og gjer han frykteleg ukomfortabel. Nok ei herleg scene!

Eit musikalsk familiesamarbeid

Meir av handlinga skal eg ikkje avsløre! Men vi må snakke om musikken. Cody Carpenter laga filmmusikken til episoda, eit faktum eg verkeleg sette pris på. Dei har altså jobba så lenge saman! Eg sjekka det opp: Cody var med på synth heilt tilbake til Vampires i 1998 og Ghosts of Mars i 2001. I ’98 var sonen til Carpenter berre 14 år – dritkult!

Dette var stor stas. No må eg få sett John Carpenter si andre episode av Masters of Horror. Han regisserte nemleg ei til i den andre sesongen som heiter Pro-Life.

Elles storkosar eg meg no. Jakta på TV-filmen Elvis (1979) er ei tøff nøtt! Om eg klarar å få sett den innan september er omme, så er eg flink. Problemet er at filmen har mykje rettigheitsproblem som gjer han utruleg vanskeleg å finne, og å kjøpe han frå utlandet for 700 kroner tok eg meg ikkje råd til. Men Someone’s Watching Me! frå 1978 fann eg på Tubi, så den gler eg meg valdsamt til!

Eg likte Cigarette Burns svært godt. Ein time med rein moro der Carpenter berre leikar seg.

Terminal-pila: ▲

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *