HORROR
-
American Psycho (2000) Filmomtale
Filmen har vakse enormt på meg i løpet av desse 26 åra. For kvart gjensyn har han berre blitt litt betre, og han var trass alt knallbra allereie første gongen. No, under dette gjensynet, var American Psycho betre enn nokon gong. Jappetida fanga på ekte film Eg la merke til mange ting under dette gjensynet. Først og fremst: Filmfotoet er KNALL, dette er film – ekte film! Eg har sett mykje retrofilm frå 80-talet, men ingenting gjev 80-talskjensla betre enn American Psycho. Kanskje fordi 80-talet framleis kjendest så ferskt i 2000, berre tjue år etter. Eg trur dette var…
-
Dawn of the Dead (1978)
George A. Romero sin Dawn of the Dead (1978) har voks jamt og trutt til å bli min store favoritt innan zombiefilm. Regissørens to andre filmar i trilogien, Night of the Living Dead (1968) og Day of the Dead (1985), har eg også fått skikkeleg sansen for. Så eg kan med handa på hjartet seie at heile trilogien er ein storfavoritt i mi vesle filmverd. Eg såg filmane for aller første gong på VHS på nittitalet. Sidan eg var veldig oppteken av sminke og effektar den gongen, var sjølvsagt Day of the Dead favoritten. Den dag i dag er…
-
1922 (2017)
Eg held fram jakta på gode Netflix-produserte filmar. 1922 (2017) har eg kjent til i ni år, men inntil i går har han vore usett. Filmen er basert på ei Stephen King-historie, og vi veit alle at sjansane for ein vellykka filmadaptasjon er låge. Eg vil gledeleg seie at 1922 er vellykka. Handling Eit bondeektepar eig ein svær gard. Dei har ein son, og bur midt i øydemarka i Nebraska. Kona er lei av dette livet og vil selje parten ho arva frå far sin, for å flytte til Omaha og starte klesbutikk. Ho blir spela av ei knallgod…
-
28 Years Later: The Bone Temple (2026)
Danny Boyle er ein sjaman! Med 28 Years Later bles han nytt liv i ein døyande zombiesjanger og serverte ein evolusjon som verkeleg reiv. Vi snakkar om alt frå ekle kryp på bakken til alfazombiar på steroidar som røskar av hovud som om dei var i ein Predator-film. Det er rått, det er kreativt, og det kjennest som ei einaste stor, visuell utlading. Boyle skapte eit Middle-earth fylt av zombiar, der eit enkelt oppdrag blei til noko mytologisk og storslått. Fotoet er så vakkert at det gir frysningar – særleg når Wagner dundrar over anlegget medan stjernehimmelen lyser opp…
-
CrawlSpace (1986)
Handling Klaus Kinski spelar ein ond psykopat ved namn Dr. Gunther. Faren hans var sjølvsagt nazist. Som ung mann jobba han som lege i Buenos Aires, der han tok livet av fleire. Dr. Gunther flytta til USA og starta eit nytt liv. Han eig eit svært bygg med fleire leilegheiter der berre kvinner får lov å leige. Mellom veggane er det eit ventilasjonssystem som Dr. Gunther kryp i for å studere leigebuarane sine. Med ein sprettkniv lagar han ein irriterande lyd som plagar kvinnene. Og han fører dagbok på loftet, der ei stakkars kvinne er fanga i eit lite…
-
A Nightmare on Elm Street (2010)
Eg likar å sjå kjære skrekkfilmseriar i ny, oppdatert drakt, berre for å sjå korleis dei ville sett ut i det og det tiåret. Og ofte likar eg filmane, utruleg nok! Friday the 13th-remaken var knall, same var Evil Dead og Candyman frå same tiåret. Mest av alt er eg fan av Halloween-rebooten frå 2018 til 2022 – alle tre! Alle desse skal eg skrive om etter kvart. No er det gjensyn av A Nightmare on Elm Street–rebootmaken som gjeld, som allereie er 16 år gammal. Skrekkforteljinga Filmen går ut ifrå at alle veit kven Freddy er, verkar det…
-
John Carpenters Ghosts of Mars (2001)
Ghosts of Mars – status Carpenters nest siste film. 4.9/10 på IMDb! 2,4 av 5 på Letterboxd! 35 av 100 på Metacritic basert på filmkritikarane! Han har ikkje ein gong oppnådd kultstatus! Eller har han det? Det står så vidt på Wikipedia, men det er ikkje mitt inntrykk. Og kven bestemmer eigentleg når ein film er kult? Vel, då får eg gjere ein kultfilm ut av Ghosts of Mars så godt eg kan. For eg diggar han! Ice Cube seier at det er den verste filmen i karrieren hans, og uttalte: I think the effects were 1979. (Er det…
-
Friday The 13th (1980)
Regi: Sean S. Cunningham Norsk tittel: Fredag den trettande (1980) Ki ki ki, ma ma ma – la det vere sagt ein gong for alle at Harry Manfredini, filmserien sin komponist, har sagt at det er ki ki ki, ma ma ma. Kvifor? Fordi det er stemma hans, og fordi ki står for kill, og ma står for mamma. Personleg, og uansett kva Manfredini meiner, høyrer eg berre ji ji ji som i: Jason, Jason, Jason. Camp Crystal Lake er min feriedestinasjon nummer éin. Eg har reist dit fleire gongar i løpet av livet mitt, seinast for tre år sidan,…
-
The Final Terror (1983) Den grøne slasheren
Kva farge tenkjer eg på? Eg burde tenkje raudt, for dette er ein slasher frå åttitalet. Men eg tenkjer grønt – ein herleg, deilig grønfarge i utallige nyansar. Dette er ein usedvanleg film, med minst 80 % filmmagi, om ikkje 100 %. Eg har aldri sett han før, men hugsar coveret frå videosjappa som om det var i går. Det må nemnast at versjonen eg såg, er ein restaurert utgåve frå Scream Factory. Han opnar med informasjonen: «Filmnegativa var forsvunne, og denne versjonen er sett saman av seks forskjellige filmrullar eigd av private samlarar». Eit stort hurra til Scream…
-
The Changeling (1980) – Gåtefull og genial skrekk
Eg har mist teljinga på kor mange «Haunted House»-filmar eg har sett det siste året. Den kanadiske The Changeling (1980) starta som ein typisk film innan sjangeren, men heldigvis gjekk han i ei meir spennande retning. Eg trong meir enn berre terrorisering av eit individ inne i eit stort hus. George C. Scott blir vitne til at kone og barn blir drepne av ein lastebil på vinterføre — ei veldig forstyrrande scene i rein 70-talls stil. Han flyttar ut av huset sitt for å kome seg vekk frå minna. Nokre vener hjelper han med å finne ny residens medan…
-
Spooktober 2025: Dr. Frankenstenersen anbefaler
Det er Halloween, det er Spooktober! Og eg, dr. Frankenstenersen, har sett mykje skrekk. For der er laga mykje skrekk ute i den vide verda – ein utømmeleg brønn. Og godt er det, for eg vil ha skrekk i resten av livet mitt. I Spooktober 2025 har eg gått for meir usett skrekk enn gjensyn. Personleg er det ei nyting å sjå om att favorittfilmane (og eg har mange!), men det kjekke med å utforske usette filmar er å oppdage noko heilt nytt. Det er givande, ferskt og fritt for nostalgi. Først skal eg dele dei beste nye filmane…
-
Skrekkfilmåret 2025 så langt: Dei beste opplevingane
Ein fortsettelse av: årets beste filmopplevelser Ein sjanger som framleis leverer Skrekkfilm er ein av favorittsjangrane mine, og det er ein sjanger som – i motsetning til mykje anna – framleis klarer å levere i moderne tid. Når det er sagt, så er det spesielt skrekk frå Søraust-Asia som har vore mest imponerande hittil i år av dei usette filmane eg har fått med meg. Her er ei oppsummering av dei beste skrekkfilmer så langt i 2025. Topp 10: Dei beste skrekkfilmer i 2025 10. In a Violent Nature (2024) Slasher-filmen er dekonstruert! Vi følgjer ein mordar som metodisk…
-
Filmanmeldelse : The Monkey – Bananas apestreker!
THE MONKEY – Lovende, men ujevn sjangerblanding Oz Perkins har etablert seg som en av de mest interessante stemmene i moderne skrekkfilm. Jeg er stor fan av hans mørke og stemningsfulle univers, og hadde store forventninger til The Monkey, spesielt etter den solide Longlegs. At filmen skulle vise seg å være mer komedie enn skrekk, var en overraskelse jeg ikke var forberedt på. Dessverre viser det seg at Perkins ikke er en like stødig komedieregissør, og for første gang skuffer han meg. En klassisk King-historie Den følger tvillingbrødrene Hal og Bill, først som barn på slutten av 90-tallet og…
-
Mandagsfilmen #2 Arachnophobia (1990)
Mandagsfilmen Arachnophobia – Og skrekkomedier frå Amblin I 1991 fekk vi ei ny videomaskin i heimen. Det var ein Salora VHS-spiller med Dolby Surround, som hadde innebygd forsterker med to høyttalere inkludert. Lyden frå tv (eller stereoanlegg) tok seg av front, og dei to høytalerne bak-surround. Alle i huset hadde lagt seg. Eg derimot, satt på stua med oppsettet klart, og med lav lyd såg eg ARACHNOPHOBIA. Den åpna med herlig lyd av jungel og fantastisk musikk av Trevor Jones. Å høyre surround for fyrste gong i sin eiga heim var himmelsk. Det er noke kanskje ingen tenker på…
-
Smile 2 (2024)
God helga-underholdning
-
HALLOWEEN (1978)
JOHN CARPENTER’S HALLOWEEN I Haddonfield bur det vanlege folk som er trygge på naboane sine; ingen vits i å låse dørene. Gatene er reine, overalt veks det fine planter og tre. Ein koselig og typisk liten by i Midtvesten. Midt i dette vakre stroket står det eit forfallent hus. Alle småbyar har eit slikt spøkelseshus der noko grusamt skjedde for mange generasjonar sidan, og som vaksne ikkje lenger snakkar om. Ungane i nabolaget utfordrar kvarandre til å gå nærmast. Det var her seks år gamle Michael Myers myrda tenåringssøstera si. Kvifor gjorde Myers det? I den legendariske opninga av…
-
SKREKKFILM SESONG
Spooktober nærmer seg. Blada fell frå trea, og mørkret smyg seg sakte innpå oss. Når det bles og regnet piskar på vindauga, ligg sesongen for grøss og halloween framfor oss. Oktober månad, halleluja! Eg har venta lenge på deg. Underteikna elskar skrekkfilm. Mitt første møte med skrekksjangeren var Ondskapens hotell, som eg såg i ein altfor tidleg og ulovleg alder. Eg vart merkt for livet av hotell og grøss, og kva gjorde eg? Eg fekk meg sjølvsagt jobb på eit hotell i tjueåra. Alle hotell har sine eigne spøkelseshistorier som blir fortalde vidare gjennom generasjonar av tilsette. Om hausten…
I watch a lot of horror movies. To me, horror is comfort, it’s therapeutic, but most of all, it’s FUN. And I love all kinds, from every decade.
When I say I love all kinds, I mean it. Here, I’m going to dig into everything from gritty ’80s slashers and stylish Italian giallo, to creeping psychological horror and cosmic madness. I devour pretty much anything: haunted houses, hardcore body horror, murky found footage, and unsettling folk horror. It doesn’t matter if it’s an expensive prestige project or a stark raving mad B-movie made on a shoestring budget. If it has a pulse—or lacks a pulse, for that matter—I’m in.

I asked Mike Flanagan during a Tumblr Q&A:
«How do you feel about the Horror genre evolution for the last 10 years? It’s really getting interesting!»
And Mike Flanagan replied:
«It has ALWAYS been interesting. Always.»
I thought that was a killer response! Horror is a genre that never loses its grip on the audience. It’s constantly being refined and evolved—not necessarily for the better, but into something else; in a new way, always. Not least, there is an incredible amount of hidden gold to discover, as most horror movies fly under the radar, and that goes for every decade.
My goal with the horror department here at The Film Loft is exactly that: diving for those forgotten gems.