Ators kjellar

Velkomen til Ators kjellar! Her finn du mengder av gløymte VHS-kassettar og titlar folk flest har lagt bak seg. Men Ator gløymer aldri. Kjellaren hans er stappa med klenodium av beste B-filmsort, i tillegg til dei største blockbusterane Hollywood hadde å tilby på 80-talet.

Ators kjellar: VHS, B-film og 80-talsnostalgi

Ja, 80-talet – det einaste tiåret du får servert nede i Ators kjellar. Det hender kanskje at ein og annan tittel frå 70- eller 90-talet dukkar opp, men då utelukkande VHS-titlar som var å finne i kyrkja vår: Video Vest, også kjend som «Sjappa». Her handlar nemleg absolutt alt om VHS frå den gylne frityrtida.

Kven er Thor «Ator» Dahlstrøm?

Thor, best kjend som «Ator» her på Filmloftet, er vår faste gjesteskribent med eit brennande hjarte for fysisk format og analog magi. Han er mannen som tek på seg snorkelutstyret og dykkar djupt ned i videokassa for å redde tapte perler fram i lyset.

Når han ikkje serverer beinhard action, mørk sci-fi eller gløymte kultkomediar, har han også eit eige øyre for dei episke musikkspora som forma tiåret. Ator skriv kjekke artiklar og anmeldingar av alt frå udødelege filmsoundtrack til blodige grøssarar frå øvste (og nedste) hylle.

Kva kan du forvente i kjellaren?

Når du trør over dørstokken til Ator, kan du formelig kjenne lukta av fersk frityr og vekta av store, deilige plastcover. I denne delen av Filmloftet får du servert:

  • Nostalgiske tilbakeblikk: Artiklar som tek deg rett tilbake til leigedisken og helgekosen.
  • Skjulte B-filmar: Omtalar av filmane som kanskje aldri vann Oscar, men som heilt klart vann hjarta våre.
  • Filmmusikk og «the score»: Djupe dykk i synth-tonane og orkestermusikken som definerte 80-talsfilmane.
  • Den ærlege dommen: Ikkje noko akademisk jåleri, berre rein, ufiltrert filmglede og ein god mårburger i neven.

Spenn deg fast, blås støvet av avspelaren og gjer deg klar for ei ekte tidsreise. Trykk play!

The Wraith (1986)
Om eg skulle beskrive Ator med eit bilde frå ein film, så må det bli THE WRAITH frå 1986!