FILMOMTALAR

  • Wake in Fright (1971): Review

    A Personal, Sweaty Nightmare What a picture. It’s rare to find a genuine personal favorite these days—a movie that taps directly into my frequency. The kind of film you hold so close it feels like a private secret nobody else could possibly understand. It instantly joins the gritty ranks of Barfly, Zorba the Greek, and Johnny Handsome; pure, unfiltered cinema that scores off the charts on the «Frank» scale. Wake in Fright is an absolute nightmare, but entirely different from what I expected. I went in anticipating a classic Australian outback survival story about a guy terrorized…

  • Spoorloos (1988)

    Spoorloos (1988) handlar om ekteparet Rex og Saskia frå Amsterdam, som reiser på ferie til Frankrike. Under eit bensinstasjonstopp à la Dombås forsvinn Saskia då ho skal kjøpe kaffi. Rex fortvilar, han finn henne ikkje. Ho er sporlaust forsvunnen. Hollywood-remake vs. originalen George Sluizer laga ein remake med Jeff Bridges nokre år seinare. Eg hugsar han så vidt, og eg tok aldri eit gjensyn med han. Om eg fekk valet mellom eit gjensyn med Hollywood-remaken og den originale Spoorloos; utan tvil Spoorloos. Eg får faktisk lyst på eit gjensyn allereie no! Eg blei forbløffa over kor raskt…

  • DARK (2017–2020)

    Dei første episodane av Dark (2017-2020) var ikkje så enkle å kome inn i. Kanskje var det fordi eg allereie visste at dette kom til å bli tunge kjekke saker. Eg hugsa nemleg dei to første episodane frå eit gammalt forsøk på å sjå serien. Likevel kom eg meg over kneika denne gongen, og gradvis slukte den solide serieskapinga meg heilt. Alt skjer i den tyske småbyen Winden. Mange påstår at Dark liknar på Stranger Things, men eg meiner at han minner mykje meir om Twin Peaks. Winden er ein klassisk, inneslutta stad med eit hotell, ein…

  • Glass Onion: A Knives Out Mystery

    Kvifor eg ikkje likar Knives Out-filmane, blei krystallklart for meg under denne. Det er karakterane. Måten dei er skrivne på, og måten dei liksom skal vere komiske på. Det er småting heile tida. Som at Dave Bautista går rundt med ein pistol, endåtil i badebassenget der badetrusa hans er altfor lita og trang. Eller når han er barnsleg framfor mora og får ein fik (den svære Bautista blir sett på plass av mora med ein lusing – «ha-ha»). Alle karakterane er småtøysete og er skrivne som zeitgeist-karakterar som skal spegle tida vi lever i, med smarttelefonar, pandemi…

  • THRASH (2026)

    Plutseleg dukka Thrash opp på Netflix i dag. Thrash – det var eit merkeleg namn på ein film. Men her var det mykje eg likte! Tommy Wirkola har laga ein film med tre tropar og sjangrar eg verkeleg likar: 1. Katastrofe 2. Hai og 3. Folk i ei knipe. Lukkast Wirkola med å balansere denne blendermiksen? Det synest eg absolutt. (Takk å vere Marius Genser, oppdaga eg, at eg, har skreve TRASH – når han heiter THRASH – som i rive sønder – jepp mysteriet er løyst – THRASH!) If the flood doesn’t kill you… 🌪️ Orkan,…

  • War Machine (2026)

    Kunsten å lage ein teit og dum popcornfilm er tapt. Her er ein film om soldatar på trening som møter på noko uventa på eksamensdagen sin: ein UFO – rettare sagt, ein robot. Konseptet er urgammalt. Han har litt Predator i genane, litt Transformers. På mange måtar ein landleg bror av sjø-sci-fien Battleship – som kunne ha vore ein artig double feature, om ikkje War Machine (2026) hadde vore så fordømt seriøs. Denne filmomtalen har SPOILERS! 🪖 Målstreken og Mr. Reacher Første halvtimen får vi eit set-up: Krig i Afghanistan, der to brør er medsoldatar. Dei køyrer…

  • Avatar: Fire and Ash (2025)

    Dette er ein svær blåkval av ein film, men i lengda på tre timar og sytten minutt kjennest han ikkje som eit episk storverk. Den første Avatar i 2009 gjekk eg to gongar for å sjå på kino. Eg var imponert, den gongen. Då eg fekk sett Avatar: The Way of Water i ein formidabel heimekino, blei eg igjen fortrylla av Pandora, og verda James Cameron no har brukt over ein tredjedel av livet sitt på å skape. Men eit gjensyn med Avatar 2 har rett og slett ikkje frista. Heller ikkje einaren – og begge står…

  • Out Cold (1989)

    Handling Out Cold er ein snedig, liten og mørk komedie. Han handlar om to vener som startar opp ein slaktarbutikk, der vi får sjå ein nostalgisk og lukkeleg 8mm-film av oppstarten rulle under credits. Så startar sjølve filmen og hoppar 10 år fram i tid. John Lithgow spelar arbeidshesten, slaktaren som tek seg av det meste. Partnaren hans, Bruce McGill, tek seg av rekneskapen. Det er tydeleg at desse to mislikar kvarandre sterkt. Og som dei seier: Aldri start ei forretning med vener. Teri Garr spelar kona til Bruce McGill. Han kjem tidleg heim frå jobb, og…

  • Send Help (2026)

    Er dette Sam Raimi sitt store comeback? Treng han eigentleg eit comeback? I mi bok har han for lengst nådd legendestatus. Dette er den beste filmen hans sidan Drag Me to Hell (2009), som no faktisk er 17 år gammal. I mellomtida har han laga to til, men dei er ikkje å finne i filmsamlinga mi. Send Help skal definitivt inn i samlinga. Filmen handlar om ei pliktoppfyllande kvinne med ein forferdeleg sjef – ein mann rett frå mannosfæren. Dei reiser til Thailand, flyet styrtar, og saman må dei overleve på ei aude øy. Høyrest det ut…

  • Blue Moon (2025)

    Handling Ethan Hawke spelar Lorenz Hart – ein tekstforfattar eg aldri har høyrt om før i kveld – men som eg likevel kjenner til gjennom songar som Blue Moon og My Funny Valentine (Chet Baker sin jazzversjon er jo legendarisk!). Filmen går føre seg på førtitalet, sju månader før Hart kollapsar, for så å døy berre nokre dagar seinare. Heile filmen skjer inne på ein bar ein heil kveld, og her er det non-stop dialog. Det er Ethan Hawke som tek seg av mesteparten av praten. Han bablar i veg medan han går frå person til person….

  • Bugonia (2025) Anmeldelse

    Yorgos Lanthimos, regissøren bak dei mest interessante filmane slept laus på menneskeheita dei siste 16–17 åra, har kome med nok ein film: Bugonia. Igjen er det Emma Stone og Jesse Plemons i hovudrollene. Eg var ingen stor fan av Poor Things, heller ikkje The Favourite – MEN eg likte The Lobster og DIGGA The Killing of a Sacred Deer. Og no, nettopp, har eg sett hans beste: denne her. Vidare kjem det milde spoilere – SÅ IKKJE LES OM DU IKKJE HAR SETT FILMEN! Ted og Don har ein plan, eller rettare sagt Ted: å kidnappe sjefen…

  • Death Proof (2007) Anmeldelse

    Nokon sa ein gong: «Ta filmen for det han er, ikkje for det du vil han skal vere.» Det gjeld absolutt for meg og Tarantinos Death Proof. Sist gong skreiv eg om Planet Terror og sa at filmen er ein fest. Vel, Tarantino kom dessverre og krasja heile Grindhouse-festen med egoet sitt. Men i dette verket, som er Tarantinos svakaste, finst det ting som også er blant hans beste. Han startar heilt rått! Vi følgjer nokre hotte jenter som stikk på bar, med Tarantino sjølv som bartender. Ein skummel, rå bil har følgt etter dei. Inne på…

  • The Apostle (1997) Duvall i fyr og flamme!

    The Apostle – RIP Robert Duvall Robert Duvall har forlate verda vår, og etterlet seg eit stort tomrom saman med Gene Hackman og dei andre knallskodespelarane vi har vore bortskjemde med heile livet. 95 år er ein respektabel alder, men uansett er det trist, for han var ein bauta. Eg vaks opp med Duvall. Som for mange andre var Gudfaren-filmane og Apocalypse Now store opplevingar. Og eg er ikkje aleine om å elske Lonesome Dove, som er ein miniserie alle western-elskarar berre må sjå. Men Duvall hadde ei rik og lang karriere. I kveld måtte eg sjå…

  • Planet Terror (2007) Ein fest av ein film!

    Planet Terror…wow… Eg har vore inne i ein fæl og lat filmperiode no i februar. Dei fleste vala har vore fryktelege, og det er nesten som om eg ber om bråk (dårlege filmar). Men så i kveld sat eg som vanleg og kika på Michael Biehn sin podcast. Eg er så frelst på den mannen; det er absolutt min type podcast der Biehn bablar i veg om film og erfaringane sine. Hugsar du Freddy Rodriguez!? Så snakka Biehn varmt om Freddy Rodriguez. Kven hugsar han? På 2000-talet var han stor, eller i alle fall på veg til…

  • Min James Bond – og alle favorittene

    James Bond er hot om dagen! Kvifor? Fordi Netflix slapp alle filmane tidlegare i år. Og det merkast, for på Letterboxd ser eg stadig Bond-filmar på «activity», og det er bra, for eg diggar Bond. Før kunne eg ramse opp alle James Bond-filmane på rekke og rad frå den første, med årstalet den kom, kven regissøren var, kven som laga songen og så vidare. Eg var dedikert. Med litt pugging av Daniel Craig sine siste, skal eg få den skillsen tilbake. Sånn, då har eg klappa meg sjølv på skuldra. Det er artig å sjå kva forhold…

  • Straight Time (1978) Filmfrelst på nytt!

    Usette filmar som Straight Time er det største gullet eg kan kome over. Det er ein type film som har venta på meg i alle mine lange år, og som tilfeldig blir sett på seint ei natt og filmfrelser meg på nytt igjen. Dustin Hoffman… eg hadde gløymt kor god ein skodespelar han er. Han kan spele kva som helst: ein kvardagsmann i Kramer vs. Kramer, nyheitsreporter i All the President’s Men, standupkomikar i Lenny, og her: ein beinhard tjuv. Hoffman spelar Max Dembo, ein tjuv som slepp ut av fengselet etter seks års soning. Filmen opnar…

  • Suburbia (1983) – Pønk, piggtråd og ekte råskap

    På ein motorveg stoppar ei mor med barnet sitt for å plukke opp ei haikarjente, Sheila. Ho spør om Sheila har rømt heimefrå. Så punkterer dekket. Dei parkerer langs vegen og går til ein aude og isolert telefonkiosk. Medan mora står i telefonen, ser vi ein stor, farleg hund som knurrar mot barnet. Barnet ser hunden og gret. Hunden tek ungen og riv sund kroppen. Slik startar Suburbia (1983), og det set ei rå, hard stemning frå første sekund. Filmen er regissert av Penelope Spheeris. Ho regisserte Wayne’s World (1992), som eg digga i si tid, men…

  • Miracle Mile (1988) – Romantikk, neon og atomkrig!

    Er du ute etter ein knall comfort-film i trøbblete tider? Kva med ei åttitalsperle som tek for seg verdas undergang? Eg har tatt eit gjensyn med Miracle Mile (1988). Edwards & Winningham Miracle Mile startar som ein typisk romantisk komedie frå åttitalet: Anthony Edwards spelar Harry, ein trombonist som har byrja å date Julie, spelt av Mare Winningham. Edwards og Winningham er to skodespelarar eg har sansen for, frå filmar som St. Elmo’s Fire og Gotcha!. Ein ting dei har til felles, er at dei alltid spelar godhjarta og uskyldige personar i filmane eg har sett av…

  • Anmeldelse: Stranger Things Sesong 5 – Finale

    Okay, så den store spådommen min om at eit ORMHOL-kollaps ville føre til ein «reset», og at vi skulle få ein happy ending der vi reiste tilbake til 1983 der ingenting vondt hadde skjedd… det skjedde ikkje. Heldigvis. For med ein slik slutt hadde ingen lært noko, og usannsynlege venner hadde aldri funne kvarandre, slik Dustin snakka om i den store talen sin. Nei, finalen var mykje betre enn det! (SPOILERS VIDARE) Dette var litt av eit klimaks! Vecna jaktar på ungane som blir sette fri inne i Henry sitt minne ved hjelp av El i vanntanken….

  • Stranger Things sesong 5 (Ep. 1–7)

    Plutonium-mangel og resirkulering (SPOILER ALERT) Duffer-brørne manglar plutonium til flukskondensatoren sin; dei sit fast og resirkulerer alt frå dei tidlegare sesongane. Eg kunne ha gått gjennom episode for episode av sesong 5, men her skjer det så mykje at om eg skulle ha våga meg på den oppgåva, hadde det blitt ei bok på storleik med Lord of the Rings. Først: Eg er skuffa over denne sesongen. Det er langt ifrå same kvalitet som førre sesong. Men, her er òg kule ting og fabelaktig action. Dessverre er her også mykje repetisjon, rot og eit sinnsjukt tempo som…

  • STRANGER THINGS SESONG 4 (2022)

    Tre år gjekk før vi fekk Stranger Things sesong 4. Det er veldig «risky», for serien stod i fare for å miste grepet på fansen – dvs. meg. Rykta gjekk om at serien no skulle ha episodar som varte lenger enn standarden på 50 minutt. Den kortaste episoden er episode 3 (1 time og 3 minutt). Den lengste… heile to og ein halv time, som er den niande og siste episoden. Dette skapte reaksjonar, og at sesongen skulle bli delt opp og to episodar skulle sleppast to månader seinare (slik som no med sesong 5). Mastodonten vaknar…

  • One Battle After Another (2025)

    Regi: Paul Thomas Anderson Første halvtime Det første eg tenkte etter ein halvtime i One Battle After Another, var: Kva i helsike? Eg sleit med å orientere meg i filmspråket til PTA. Kva slags film er dette? Kva vil han? Kvar vil han!? Leonardo DiCaprio er ein rebell med bombe-skills som er forelska i leiaren for revolusjonen, spelt av Teyana Taylor. Skurken Sean Penn er òg forelska i Taylor, den store fienden. Ho blir gravid og startar familie med DiCaprio, men så blir ho teken. Taylor svik revolusjonen ved å namngi alle venene sine til Penn. Ho…

  • Stranger Things sesong 3 (2019)

    Eit stort skifte skjer i Stranger Things sesong 3: Alt blir skrudd opp til nivå 11. Det minner meg om visse 80-talsfilmar som Lethal Weapon 2 og Beverly Hills Cop II, der karakterane blir gjort til duster og tidvis avskyelege. Axel Foley i oppfølgjaren (regissert av Tony Scott) oppfører seg så mykje som ein dritsekk at filmen blir hard å sjå. Martin Riggs og Roger Murtaugh gjer det same i Lethal Weapon 2. Og ein annan «sequel-trope»: meir brøling og overdriven oppførsel. I sistnemnde film sit Roger og Martin i ein bil under ei jakt og er…

  • Stranger Things sesong 2 (2017)

    Regi: The Duffer Brothers «Friends Don’t Lie» Seria markerer tydeleg at dette ikkje berre er ein sesong 2, men ein sequel til sesong 1, med det enkle grepet «Stranger Things 2» i introen. Og med det fekk eg den rette «sequel-feelen», akkurat slik Duffer-brørne ønskte. Sequel-filmar var viktige på 80- og 90-talet; det var då konseptet verkeleg blei forma i Hollywood: Ein etterfølgjar med same oppskrift, men meir av alt. Meir action, meir effektar – eit gir opp frå einaren. Nokre gonger gjekk det bra, som med Gremlins 2, Lethal Weapon 2, Die Hard 2 og Indiana…

  • Stranger Things: Sesong 1 (2016)

    Regi: The Duffer Brothers Handlinga i Stranger Things : I ein liten by på åttitalet skjer det mystiske ting: Ti år gamle Will forsvinn på veg heim etter leik med kameratar. Ut av det blå kjem ei snauklipt lita jente vandrande frå skogen, og det viser seg at ho har spesielle krefter. Ho blir på lag med venene til Will, og saman skal dei løyse mysteriet, medan eit monster og slemme statlege agentar arbeider mot dei. Pluss tusen andre spennande ting! Eg vil skrive om kvifor Stranger Things er bra for meg. For heile reisa i denne…

  • Mandagsfilmen: «Sounder» (1972)

    Mandagsfilmen Eg huskar ikkje når mandagsfilmen blei ein tradisjon på Twitter. Det var ein liten ting eg og Roger Græsberg starta uformelt opp på moro ilag med andre. Tradisjonen gjekk naturleg med oss då vi migrerte frå Twitter til Bluesky.  For nokre uker sidan, fiksa Kjartan Bø (https://boxd.it/5Wct7) ei liste på Letterboxd som inneheld alle mandagsfilmene sendt frå 1960 til 2003. Der er 1629 filmar, og eg velg ein film frå den lista kvar mandager framover. Her er lista: NRK – Mandagsfilmene 1960-2001 https://boxd.it/GMUP0  Framover skal eg skrive om kvar ein film eg ser på mandager, om…

FILMOMTALAR: Frå kinosalen til strøymetenestene

Sjølv om hjartet mitt bankar ekstra hardt for kornete VHS-kassettar og 80-talsnostalgi, så sit eg ikkje berre og gret over gamle dagar her på Filmloftet. Ein må jo lyfte blikket og sjå kva som rører seg på det store lerretet – og på dei uteljelege strøymetenestene som kastar titlar etter oss kvar einaste veke. Ein ekte filmentusiast kan ikkje mure seg inne i fortida; vi må vite kva som skjer her og no.

I denne kategorien finn du mine personlege filmomtalar av alt som er nytt, ferskt og aktuelt. Her er det ingen sjangerreglar som styrer showet. Det kan vere ein storslått blockbuster på kino den eine dagen, og ein smal, mørk indiefilm på Netflix den neste. For meg handlar gode filmomtalar ikkje om kva som er mest korrekt å like, men om kva som faktisk rører noko ved oss – eller kva som berre er knallgod underhaldning.

Tv-seriar og impulskontroll

Som eg har sagt før: Dette er mi frisone. Det betyr at tv-seriar snik seg inn i varmen her òg. Vi lever i ei tid der grensa mellom film og seriar nesten er viska ut. Når seriar som Stranger Things eller Twin Peaks: The Return kjem på banen, så er det jo i røynda snakk om lange, episke filmar delt opp i bitar. Difor får dei sjølvsagt plass her på loftet.

Her er det ingen fastlåste reglar, og eg skriv ofte på den reine impulsen. Det er filmgleda (og av og til filmfrustrasjonen) som bestemmer kva som hamnar under lupa. Eg lovar deg ærlege meldingar, utan for mykje akademisk snikk-snakk. Enten det er snakk om ein genistrek som tek pusten frå meg, eller eit skikkeleg makkverk som aldri burde sett dagens lys, så får du den usminka sanninga her.