• Kvifor eg logga av for godt: Eit endeleg farvel til Letterboxd

    Eg blei aktiv i 2023. Kontoen oppretta eg eigentleg i 2017, men han blei lite brukt. Og noko filmloggar har eg aldri vore, heller ikkje på IMDb (bortsett frå fysisk filmdagbok). I 2023 var eg nyfiken på mediet. Eg såg at fleire brukte det på Filmtwitter, så eg byrja sjølv å logge, lage lister, og følgje diverse folk. Det var absolutt kjekkast det første året. Dette var før eg byrja å blogge om film. Planen min var å skrive om kvar einaste film eg såg, slik at eg fekk bygd meg opp litt erfaring rundt filmkritisk analyse. I starten testa…

  • Filmloftet tek ferie: Tankar om nynorsk, KI-kvalar og ei digital tilbaketrekking

    Det har vore mange tankar siste tida, om Filmloftet og kor eg vil hen. No har eg teke ferie frå bloggen, men det har ikkje hindra meg i å sjå masse film likevel. Eg skal i alle fall prøve å trappe ned endå meir. Går eg ein dag utan film, så blir eg rastlaus – det bekymrar meg. Tilbake til røtene: Eit hjarte som slår på nynorsk Filmloftet skal vere på nynorsk. Det er no sikkert. Å skrive på engelsk var eit innfall eg fekk ut av grådigheit, med håp om å nå filmnerdar frå kvart eit hjørne av planeten….

  • Junesploitation 2026: Week 1

    Morale is high With a VPN under the hood, I’m diving deep into the US Prime and HBO-Max vaults. My routine is simple: stalk the daily themes directly or scavenge Letterboxd lists. Cranking out double-features means I’m locked into review duty the morning after. Honestly, Junesploitation might beat Spooktober hands down—the sheer genre chaos is unmatched. History dictates I’ll hit a brutal mid-month wall, but this year hits different. Maybe documenting the madness is keeping the engine running. Morale is high. Read more about the concept and prep work here: FThisMovie Junesploitation 2026 Day 1: ’90s Action! – Mercenary (1996)…

  • Profile: Ed Lauter

    Ed Lauter isn’t just Filmloftet’s mascot; he’s a genuine cult-cinema hero. The film world lost a true, one-of-a-kind original when he faded to black in 2013. They simply don’t manufacture guys like him anymore. He was the ultimate character actor. On the surface, he possessed the approachable aura of a distant, bald uncle—the kind of guy you’d politely chat with at a dull family gathering. But hit play, and he was a powerhouse. Armed with a sly smirk and razor-sharp delivery forged in the trenches of stand-up comedy, he commanded every single frame. The Man Who Elevated Every Film Whenever…

  • Junesploitation 2026

    Blod, svette og ekte squibs i sommarvarmen! I år skal eg føre dagbok på mi Junesploitation-ferd! Kva er no dette, spør du? Det heile starta for tre år sidan, då Asle på Filmtwitter tipsa meg om konseptet, og i år legg eg ut på mitt fjerde Junesploitation-løp. Kort forklart: Gjennom heile juni skal eg sjå filmar der temaet for kvar enkelt dag er fastsett av filmnettstaden FThisMovie. Det er ei reinspikka feiring av b-filmar, trash, exploitation – og så mykje meir! Kvar søndag, skal eg skrive om ukas filmar. Så dette blir ei serie på cirka 5 artiklar. Det kriblar…

  • Profil: Claudia Christian

    Filmloftet Spotlight Her på Filmloftet vil eg hylle skodespelarar som er spesielle for meg, og kanskje gløymt av folk flest. Det finst utruleg mange av dei. Eg har sagt det før; desse folka er som «familien» min frå ein annan dimensjon på det himmelske fjernsynet. Skodespelarar eg sat med store auge og forsvann inn i, heilt til eg var som ein munk i full nirvana. Claudia Christian dukka opp i livet mitt i filmen The Hidden (1987) – ein av dei verkeleg store åttitals science fiction-skrekkfilmane. Her spelar ho stripparen Brenda, som får kroppen sin teken over av eit fælt,…

  • Spøkelset på Filmloftet: Kven i helvete er Bjørn Dennehy?

    Bjørn Dennehy Filmloftet treng fleire stemmer – for heilt ærleg kan eg bli lei av mi eiga stemme. Ator Dahlstrøm var eit friskt pust for meg, eg elskar dei nedskrivne orda hans om videosjappetida. Framover vil det dukke opp ei ny stemme her på Filmloftet, ei stemme som bryt gjennom all støyen og med si kraft leverer ei ærleg meining som eit lyn. Han heiter Bjørn Dennehy, og eg har gitt han eit spesielt løyve: Han får siste ord. Han får vere eit spøkjelse som heimsøkjer Filmloftet; ei kraft utanfor min kontroll. Om Bjørn Dennehy ser noko han er totalt…

  • Filmlatskap

    Eg slår på TV-en, Apple TV-en og set meg i sofaen. Oppe på filmloftet ligg det ein haug med fysiske filmar som eg har kjøpt dei siste åra – filmar eg elskar, reint gull som ventar på eit gjensyn. I sofaen sit eg og ser på Panasonic 4K-spelaren min, som har fått framifrå kritikk og kan gje eit bilete som er mykje betre enn Apple TV-boksen. Spelaren har ikkje vore i bruk i år. Kanskje éin gong, utan at eg hugsar kva film. Som nyttårsforsett hadde eg eit mål: å gå sterkt inn i januar med å sjå filmane eg…

  • Filmento Mori

    Filmento Mori, kva tyder det? Ingenting. Kanskje: hugs at vi ser film, men skal døy. Eller: hugs å sjå film, før vi døyr. Som Queen syng: Who wants to live forever? Som vi alle hugsar frå filmen Highlander, der Connor MacLeod var dritlei av å leve evig. Kvifor var han det? Fordi alle han var glad i døydde – og der stod han att med sitt evige liv. Sett vekk frå rike influensarar og slike leve-for-all-tid-galningar, trur eg dei fleste av oss er glade for dei nesten garanterte åtti åra vi har fått lova i Noreg. Eg tenkjer mykje på…

  • Sjangerkrasj og absurd komedie i moderne film

    «Film er eit audiovisuelt medium» Det blir ofte sagt. Spesielt om filmar som har eit plott og eit manus som ikkje treffer alle like godt. Eg les stadig «men film er eit audiovisuelt medium» brukt som eit forsvar for ein film som får kritikk av enkelte for plottet eller forteljinga. Det vil seie at ein film ikkje alltid treng eit knallsterkt plott, så lenge filmfotografen og resten av gjengen gjer ein storjobb. Sjølv kan eg like ein film på heilt ulike måtar. Kanskje er atmosfæren akkurat min type, eller ein skodespelar fangar meg heilt gjennom filmen, som til dømes Russell…

  • Opphavet til Filmloftet

    Det har no gått tre år sidan eg blei sjukmeldt på grunn av ei klyse med årsakar eg ikkje skal gå i detalj på, anna enn at det er snakk om psykisk sjukdom. Kva eg snakkar om hos psykologen skal eg ikkje dele her, men eg må skrive litt om denne delen av livet, for det er sjølve opphavet til Filmloftet. Det var psykisk sjukdom som leia meg inn på filmvegen igjen. Frå cirka 2016 til 2022 var film ein veldig liten del av livet mitt – eg såg rekordlite film! For å finne den førre store epoken der eg…

  • Tankar om filmro

    No sit eg på filmrommet, der eg held på å lage eit slags filmtempel. På vinylspelaren rullar Vangelis sitt Blade Runner-album; dette er filmmusikk som gir meg meditativ ro. Og filmro treng eg, for hovudet mitt svingar hyppig. Etter at eg byrja å planleggje podkast med kamera – full pakke – skaut det eit mektig stress gjennom kroppen. Kva er det eg driv på med, tenkte eg. Eg skreiv innlegg her om alt mogleg, og nok ein gong glapp fokuset på film frå videosjappe-dagane. Ergo: Å sitje på filmrommet, lytte til Vangelis og kome heim til meg sjølv, er noko…

  • Kvifor vi treng nye filmar – og mine nye favorittar

    Kvifor vi treng nye filmar – og mine siste favorittar I mine førti år med film har eg alltid sett nye filmar, og sjølv om eg ikkje alltid har følgt med i timen, har eg alltid prøvd å oppdatere meg på titlar eg gjekk glipp av. Allereie som tenåring byrja eg å utforske filmar i svart-kvitt frå Hollywood, som Casablanca og alle dei gamle klassikarane. For meg var det spennande, og det er det framleis. Eg brukar mykje tid på filmar frå videosjappe-æraen. Sjølv det å sjå usette 80-talsfilmar eg har gått glipp av, er ei slags nostalgisjåing – nostalgi…

  • Alt var betre før: Del 3 – Ei brå vending mot det verre

    Alt var betre før. I denne personlege granskinga av meg sjølv og den informasjonen eg måtte finne, har eg teke føre meg skodespelarane, regissørane og filmfotografane, og vore litt innom filmteknikk og slikt. Dette er litt av årsaka til at eg slit med moderne filmar og søkjer etter gamle filmar heller enn nye frå Hollywood. Planen var å granske korleis CGI har øydelagt mykje av Hollywoods evne til kreative løysningar. Og ta eit djupdykk i kvifor mellombudsjettfilmen døydde ut som følgje av Marvel sine superheltar. Og ikkje minst korleis dagens Hollywood er styrt av algoritmar. Men nei, eg har mykje…

  • Alt var betre før: Del 2 – Bak kameraet

    I første del snakka eg om skodespelarane. På eit hotell er dei resepsjonen, det første møtet med gjesten. No skal vi bak kulissane. Vi skal snakke om regissøren, filmfotografen og sjølve sjela i biletet no i Del 2 av «Alt var betre før». Men først må eg understreke at dette er ein blogg med mine høgst subjektive meiningar. Eg er ein gubbe på femti som snakkar fritt, og eg meiner det eg meiner om dagens Hollywood og kinofilmar. Ja, det finst gode filmar der ute. Men det eg «føler» på, er totalen og tidsånda. Når eg blar i listene på…

  • HEIMELAGA FILM: Just Do It

    Hadde eg vore tjue år i dag, hadde eg ikkje vore i tvil om at eg skulle ha satsa på filmskaping 100 %. Framgangsmåten min hadde vore slik: Lag film med det du har og med dei du kjenner. Eg personleg ville ikkje ha gått på filmskule, verken innanlands eller utanlands – berre laga film etter film, eitt prosjekt så det neste, alltid i sving med noko nytt. Og eg hadde satsa på norsk film – alt på norsk. Kompromisslaust. Eg ville aldri tenkt i dei baner om å slå gjennom i Hollywood og ein dag vinne ein Oscar. Nei,…

  • Alt var betre før – Del 1

    Gammal gubbe Eg er ein gammal gubbe. Det er lov å vere ein gammal gubbe; det er heilt naturleg. For ALT var betre før. Ja, eg kan henge med og sjå nye filmar, og det kjem gode nye filmar kvart år. Men meir og meir tenkjer eg: «Dei lagar dei ikkje som før.» Det blir slitsamt å henge med, å vere oppdatert på alt det nye. Ofte så slitsamt at det slår tilbake på meg sjølv, der eg blir HYPERKRITISK. Det siste halvåret har eg halde litt igjen på meiningane mine om nye filmar, for eg vil ikkje vere den…

  • Januar-filmrapport 2026: 60 filmar og nesten utbrend

    Opphavleg var planen å ta eit gjensyn med filmar av favorittregissørane mine som eg har kjøpt på fysisk format. Av ein eller annan grunn starta eg heller eit stordykk i åttitalsfilmar, sett for det meste på Plex og Prime, som har mykje gull gravlagd djupt i katalogen. Eg såg 60 filmar – utan at det var planlagt. Og eg gjekk «bananas» med Filmloftet; eg laga fleire kontoar på sosiale medium og Letterboxd, noko som medførte mykje ekstraarbeid. Er usikker om det var nødvendig av meg å lage ein eiga konto til FILMLOFTET på Letterboxd – det var ei impulsiv handling….

  • Filmjournalen: Tankar om blogging

    Dette er ein blogg. Eg er ingen filmkritikar, filmekspert, filmlærar eller noko anna fagleg. Dette er ein blogg med mine subjektive meiningar, min kvardag med film, mine kampar med film og min kjærleik for film. Eg kan det eg kan fordi eg har sett det eg har sett, og eg har klare meiningar om kvifor eg likar eller mislikar ein film – i alle fall likar eg å tru det! Frå no av skal eg «blogge» på ordentleg. Eg vil ikkje prøve å sjå ut som eit filmmagasin, Montages eller andre aktørar, men vere ein blogg som tek for seg…

  • Kvifor eg ser film

    Er det eit spørsmål verdt å stille seg sjølv? Kvifor sjå film? Kva er eg ute etter når eg går på kino, eller set meg i sofaen og set på noko som skal ta to timar av dagen min? Underhaldning, vil nokon seie. Kunst, vil andre seie. Men er det så enkelt? Underhaldning og kunst – to grunnar? Eg kan ende tankerekkja her, med desse to svara. Men det svarer ikkje på spørsmålet til meg sjølv om kvifor eg ser film, og kvifor eg ser så mykje film! Eg tenkjer: Det er ein lidenskapleg hobby. For det handlar ikkje berre…

  • Siste nytt: Vegen vidare for Filmloftet

    No er bloggen 14 månader gammal. I starten var eg berre interessert i å bable om film, uansett kva det måtte handle om. Men kvifor valde eg namnet Filmloftet? Det namnet ropar etter å bli brukt til det det eigentleg betyr: nedstøva film på loftet. Det har gått opp for meg at eit fokus er nødvendig, og at eg må slutte å vere ein «allrounder» som snakkar om alt frå nye filmar til kunstfilm og anna. Farvel til det nye, velkomen til VHS-æraen Derfor er Filmloftet ferdig med å blande seg inn i moderne filmar (med mindre det er 80-talsrelatert)…

  • Mitt møte med ei filmlegende

    Den siste tida har eg gått gjennom arvegods nede i kjellaren på leit etter gylne minne. Eg fann ikkje det eg leita etter – og det eg leita etter, var eit minne om ei stor, personleg hending frå barndomen. Men så, ein dag, kom bror min på besøk. Han hadde med seg ei kasse med bilete som var stua vekk i barndomsheimen vår, som han har teke over. I kassa låg det sju innramma bilete. Leitinga mi er over. Det var i 1984. Eg var på veg heim på BMX-sykkelen min då mor kom køyrande og stoppa meg. «Du har…

  • Personlege filmar

    I mitt liv med dedikert filmsjåing har eg sett mykje film av ymse slag. Det eg no vil snakke om, er filmar som er høgst personlege. Dette kan vere mangt – frå gløymde perler til filmar folk flest ikkje bryr seg om, men som ein gong i tida hadde stor verdi, har klistra seg til «sjela» di og er med deg resten av livet. Så eg vil skrive litt om kvar film på denne lista. Mickey Rourke hadde stor betydning for meg på tidleg nittital. Det var spesielt tre filmar eg var oppslukt av. Den første var: 9 ½ Weeks…

  • Here VS Train Dreams

    Varm sentimentalitet i ei kald tid: Here vs. Train Dreams Det er ein del av livet som filmelskar: Å sjå folk og kritikarar slakte ein film eg gav hjartet mitt til, for så å lese hyllester frå dei same folka av ein heilt annan film med same tema – men som eg ikkje følte noko for. «Hmm», tenkte eg. Dette må eg granske. Dette blir første innlegg i ein ny serie her på Filmloftet: Film VS Film: Here vs. Train Dreams. Ein stad der eg kan sleppe ut min «frustrasjon» og samanlikne verk som snakkar med kvarandre. Min første duell…

  • Reisa til Gotland

    I Bergmans fotspor – Ei reise til Fårö og Gotland I august 2024 la eg, kona mi og hunden vår Atlas ut på ein spontanferie. Målet var enkelt: å kome oss vekk. Vi sette oss i den vesle, blå Honda Jazzen vår og byrja å køyre. Vi reiste ikkje med hverken Fårö eller Ingmar Bergman i tankane. Første stopp vart Hamar, der vi sjekka inn på Scandic Victoria. Dagen etter vandra vi gatelangs. Minna strøymde på frå barndomens feriar her: det gamle jernbanemuseet og kinoen der mor fekk lurt oss inn for å sjå Licence to Kill. Eg leita forgjeves…

  • Tankar om film: notid og skattane i fortida.

    Eg har grubla mykje i sommar på filmtiåret 2020-talet. Er det verkeleg så ille som eg tidlegare har hevda? Og er eg einig med gjesteforfattar Tore André Øyås? Ja, eg kjenner meg igjen i mykje av det han skriv. Kjensla mi for film har i det siste vore prega av rein fortvilelse, men ein skal sjølvsagt ikkje avskrive eit heilt tiår allereie halvvegs. Kanskje saknar eg rett og slett meir kvalitet frå Hollywood, slik som i «the good ol» days». Eg blir enormt skuffa over at dagens Hollywood ser ut til å befinne seg i ei krise, med ein endelaus…

  • Beste filmopplevelser 2025 (nye og gamle filmar)

    Film-trøyttleik og ein ny strategi Det er snart juli, halve året er over. Då passar det fint å oppsummere beste filmopplevelser i 2025. Etter nokre år med eit skyhøgt tempo merkar eg at dampen har begynne å gå ut, og filmentusiasmen har fått seg ein liten knekk. Fem til seks hundre filmar i året er mykje, sjølv for meg. Eg ser ein film og går rett til neste, utan å la han henge igjen i nokre dagar, utan eit eventuelt gjensyn – slik eg gjorde før. Med så mykje filmtitting blir filmminnet litt grautete, og det er vanskeleg å hugse…

  • Den usynlege dommaren: Korleis din indre romkamerat øydelegg filmopplevinga

    Førestill deg at du sit på kino. Lyset blir dempa. Idet filmen startar, byrjar ein kamerat ved sida av deg å kommentere: «Lang intro», «Ah, no veit eg kva som skjer», «Kvar har eg sett den skodespelaren før?», «Nei, slik hadde ikkje eg gjort det». Ei konstant, kviskrande bedømming av alt på lerretet. I tillegg kjem kommentarar om salen: «Høyr den tygginga», «Må dei kline nett no?». Kva om denne stemma ikkje kom frå setet ved sida av, men inne frå ditt eige hovud? For nokre år tilbake fann eg boka The Untethered Soul av Michael A. Singer. Den beskriver…

  • Korleis har filmen det på 2020-talet?

    Eg snakka nyleg med Filmguran. Kven er Filmguran? Nokre seier ei legende, andre eit orakel – med andre ord, ein mystisk skikkelse innan film-Noreg. Eg drøfta noko eg sjølv har kjent på med han: Korleis er statusen for film i verda (hovudsakleg amerikansk film), og ikkje minst, «kor bra er eigentleg film på 2020-talet så langt?» Ein samtale med Filmguran: Er 2020-talet det verste tiåret i filmhistoria? Føler vi no det same som vaksne filmentusiastar følte på 80-talet? Ja, både eg og Filmguran har ei kjensle av at 2020-talet så langt «sucks». Vi er kanskje inne i det verste tiåret…

  • Oscar og den store draumen

    På åttitalet blei ikkje Oscar-utdelinga sendt direkte, men NRK serverte ein redigert versjon helga etter. Det var ubeskriveleg spesielt å sjå Jack Nicholson, Steven Spielberg og alle mine heltar samla under same tak, i vente på å vinne og halde talar. Det var denne eine gongen i året vi kunne få eit innblikk i stjernenes liv, då dei var mystiske, nesten som semi-gudar, fordi dei ein gong var vanlege folk, men gjennom talent og flaks blei sendt til Hollywood-himmelen bak ei dør vanlege dødelege ikkje kunne få pass, med mindre ein sjølv jobba seg dit. Å vinne ein Oscar var…

  • Den Idiosynkratiske Filmsmaken

    Filmsmak – kvar kjem han frå? Kanskje er det umulig å forstå fullt ut, fordi han er så individuell og kompleks. Endå til filmstudioene klør seg i hodet fordi dei blir aldri smart på folk sin smak – der finnes ikkje ei oppskrift for garantert suksess. Folks smak er altfor idiosynkratisk, ifølge forskning. Vi veks opp og lever liva våre på ulike måtar, kvar og ein av oss hovudpersonen i vår eiga storproduksjon av ein blockbuster – eller ein smal kunstfilm, for den del. Å sjå film, er ei individuell reise. Det eg elska på åttitalet, grip meg ikkje nødvendigvis…

  • Å Skrive om Film

    Det har gått to år sidan eg begynte å skrive om film og “anmeldelser” på Letterboxd. Eg har prøvd korte, hyperkorte, medium og nokre få lange. Har også skrive filmanmeldelser i Haiku-form, noko eg gav opp rimeleg kjapt. Letterboxd blei fyrst brukt til rein filmdagbok-notater, så mine meninger til den som gadd  å lese. Det utvikla seg til eit kompromiss der eg skriv for meg sjølv og den som er interessert. Har blitt veldig glad i Letterboxd, for det er kjekt å vere med på fellesskapet og lage lister, og bedrive hardcore nerding.  Store ambisjonar! I starten tenkte eg å…

Welcome to the engine room of The Film Loft. Usually, I write movie reviews about what’s happening on the screen here and now. In the Film Journal, however, I take a step back. I want to ponder why we spend so much time in the dark in front of a screen. This is my personal diary. Here, there’s room for long thoughts and deep dives into film history.

Here, I get up close and personal with the very core of my passion for film. It’s about that magical feeling in a movie theater. I write about the deep peace film brings, but also about frustration. Sometimes, your inner critic can ruin a good movie experience. I believe that film is more than just entertainment. It’s a reflection of who we are. Cinema tells us something about how we view the world around us.

From nostalgia to modern film culture

In the Film Journal, nothing is too big and nothing is too small. Here, you’ll find reflections on the Oscars. I tell stories about film websites I like to hang out on. In addition, I share thoughts on the state of cinema in the 2020s. I’m passionate about great conversations about film. It can be about anything from absurd comedies to that classic feeling that everything used to be better.

This is also where I’m at my most personal. I’ve written about how The FilmLoft came to be. The desire to create something of my own grew out of a difficult time. For me, writing about film is a path to both joy and insight. I hope you’ll join me on this journey deep into the heart of cinema. For now, let’s put away the ratings. Instead, let’s talk about what movies do to us.